Turbotråkk i Stordal barnehage
På tirsdag var førskuleklubben i Stordal barnehage med på Turbotråkk. Vi var veldig spente då vi gjekk frå barnehagen. På turen møtte vi på Turbo som hadde vore ute heile natta og venta på oss, og han hadde med turbingo til oss.
Då vi var halvvegs kom det eit troll og jaga oss. Vi sprang så raskt som vi kunne mellom trea. Til slutt måtte Marlene (som forresten er ei heks) ta ein trylleformel for å fjerne trollet. Først då kunne vi sette oss ned og ta matpause. Barna hadde pakka med seg sjølvsmurte nistepakkar og Tambar-trollet hadde baka kanelsnurrar til oss.Då vi kom i mål sto resten av Rådyrskogen å heia på oss. Alle førskuleklubb-barna fekk diplom og gratulasjonar.
TurboTråkk er ein tur- og aktivitetsdag i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og Barnas Turlag som er DNT sitt tilbod til barn og barnefamiliar.
Det er barnehagen sjølv som gjennomfører TurboTråkk, men DNT har tips til gjennomføringa, t.d. natursti, banner til barnehagen, ein Turborev (bamse) som gjerne vil vere med på tur, samt turbingo og diplom til kvart barn.
Så lurer de kanskje på kven denne Turbo er? Han er maskoten til Barnas Turlag, og er en blå fjellrev som elskar å vere ute på tur saman med barna. Les meir om TurboTråkk på DNT sine nettsider.
Publisert 19.09.2024 10.41
Sist endra 07.10.2024 14.52