Tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad
Ønskjer du å gjere bustaden tryggare og meir tilgjengeleg for framtida? No kan personar over 62 år søkje om tilskot frå Husbanken til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad. Målet er å gjere det enklare å bu heime lenger, også dersom helsa eller funksjonsevna endrar seg.
Kven kan søkje?
Du kan søkje dersom:
- du er over 62 år, eller bur saman med nokon som er over 62 år
- du bur i bustaden sjølv
- bustaden er ein eigd eller leigd heilårsbustad
- bustaden er registrert som folkeregistrert adresse
- oppgraderinga har ein kostnad på minst 40 000 kroner
Kva kan du få støtte til?
Tilskotet kan nyttast til varige tiltak som gjer bustaden meir aldersvenleg og tilgjengeleg. Døme på aktuelle tiltak er:
- trinnfri adkomst til bustaden
- fjerning av tersklar og nivåforskjellar
- breiare dørar og betre framkome
- oppgradering av bad med trinnfri dusj og betre tilgjenge
- betre belysning inne og ute
- tiltak som aukar tryggleik og reduserer fallrisiko
Vanleg oppussing eller modernisering utan aldersvenleg tilrettelegging gir ikkje grunnlag for tilskot. Prosjektet kan heller ikkje vere påbegynt før søknaden er sendt og godkjend.
Kor mykje kan du få?
Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene til tiltaket, med eit maksimalt tilskot på 75 000 kroner per bustad.I tillegg kan du få inntil 25.000 kroner frå Fjord kommune i denne søknadsrunden, så langt kommunal ramme rekk og Husbanken har løyvd tilsko. Tilskota blir utbetalt etter at arbeidet er ferdig utført og dokumentert.
Slik søkjer du
- Planlegg tiltaket og hent inn tilbod frå godkjend handverkar
- Send søknad til Husbanken Tilskudd til aldersvennlig oppgradering av egen bolig - Husbanken
- Når du har fått svar frå Husbanken, send søknad til Fjord kommune Skjema - Søknad om midlar - aldersvennleg oppgradering
- Vent på vedtak før arbeidet startar
- Gjennomfør og betal arbeidet
- Send inn dokumentasjon for å få tilskotet utbetalt
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 30. oktober 2026.
Meir informasjon
Nærare informasjon om ordninga og lenke til søknad finn du hos Husbanken:
Kontaktperson i Fjord kommune: Sindre Søvik Erstad
Publisert 13.10.2026 15.06
Sist endra 13.10.2026 16.03