Tilrettelagt transport (TT-kort)
Fylkestinget har gjort vedtak om at brukargodkjenning og klagebehandling for TT-ordninga blir overført frå kommunane til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Endringa er ein del av arbeidet med å sikre ei meir samla og lik praktisering av ordninga i fylket.
Vidare har fylkestinget vedteke reviderte retningsliner for ordninga. Desse gjeld frå 01. juli 2026. Dette inneber at kommunane ikkje lenger vil ha ansvar for:
- Behandling av søknader om TT-godkjenning
- Klagebehandling knytt til TT-ordninga
Møre og Romsdal fylkeskommune har oppdatert deres nettsider med informasjon om endringar i ordninga. Dersom de har spørsmål til endringane, kan de ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune ved FRAM.
Det har blitt sendt ut brev til brukarane saman med nytt TT-kort.
Les meir her: TT-kort (tilrettelagt transport) - Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisert 17.06.2026 15.11