Onsdag 14. januar klokka 12 vert Nødvarsel testa på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsøving.

Om testen
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Samtidig testar Sivilforsvaret tyfonane
med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dei næraste dine, slik at flest mogleg er førebudde
og veit at dette berre er ein test.
Kven får testen?
Testen blir sendt ut via mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og
einingar som oppheld seg i Noreg og er kopla til 4G/5G, kan ta imot testen.
På nødvarsel.no finst det meir informasjon om kva for einingar som kan ta imot Nødvarsel.
Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du sette telefonen i flymodus eller slå han heilt av i
god tid før og etter klokka 12 den 14. januar. Lydlaus modus, låg lyd, dempa varsling og liknande
blir overstyrt.
Kvifor teste?
Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjere folk kjent med korleis det
opplevast å få eit nødvarsel, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å
verne deg sjølv.
Publisert 12.01.2026 07.53
Sist endra 12.01.2026 08.11