Evy, Lulle og Gørild har alle jobba i over tjue år i habiliteringstenesta. No blir dei pensjonistar og det vart markert med kake og blomster.
Onsdag 3. desember var det “pensjonistmarkering” for Evy Ringmo, Lulle Heggen og Gørild Bertinussen. Gørild var dessverre sjuk og kunne ikkje vere med.
Ordførar Terese takka dei for lang og tru teneste. Alle har jobba i over tjue år i habiliteringstenesta i Fjord, tidlegare i Norddal og Stordal.
Vi er takknemlege for god innsats og alle spor de har sett igjen hos oss. Lukke til med den nye kvardagen som pensjonistar!
Lulle Heggen, Valldal
Evy Ringmo, Stordal
Publisert 10.12.2025 13.24
Sist endra 10.12.2025 13.24