Syltetorget - eit resultat av godt samarbeid

Hausten 2023 var Distriktssenteret og Møre og Romsdal Fylkeskommune v/Tettstadprogrammet på besøk til Fjord kommune. Dei ville skrive ein fagartikkel om stadutvikling i Valldal sentrum i samband med at første byggetrinn av tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum er realisert. 

No er artikkelen klar. Vi er stolte over den store innsatsen som vart lagt ned av både næringsliv, frivillige, fylkeskommune og kommunen, og vi set stor pris på at erfaringane frå prosjektet vert dokumentert og synleggjort også i eit fagleg perspektiv.

 Artikkelen kan du lese på Distriktssenteret sine nettsider.