Biblioteket i Valldal har besøk av vandreutstillinga “Sunnmøre - i boks” - ei forteljing om Sunnmøre, ein stad i verda der folk og kulturar har møtt kvarandre i mange tusen år. Utstillinga står fram til 29. januar - velkomen innom.
Der folk og kulturar møtest

Utstillinga fortel om Sunnmøre, ein stad i verda der folk og kulturar har møtt kvarandre i mange tusen år. Nokon har kome og nokon har reist her i frå. Overalt er det spor etter menneska som var her før oss. Kven var dei?
Vandreutstilling
Sunnmøre – i boks er ei lita vandreutstilling på veg frå frå bibliotek til bibliotek på Sunnmøre. Utstillinga har både fysiske objekt du kan ta på og digitale flater. Det følger òg med eit lite læreverk for dei som ønsker å bruke utstillinga til å lære meir om norsk språk og kultur.
Utstillinga står biblioteket i Valldal fram til 29. januar 2026.
Opningstider på biblioteket
Tysdag kl. 12 -16
Torsdag kl. 14 - 17
Fredag kl. 11 - 16
Om utstillinga
«Sunnmøre – i boks» er blitt til i samarbeid mellom Viti, Interkommunalt arkiv ved SEDAK, Ålesund bibliotek, Nynorsk kultursentrum og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les meir om utstillinga hos Vitimusea: Sunnmøre – i boks
Publisert 22.01.2026 15.52
Sist endra 22.01.2026 15.59