Stordalstunnelen får nytt lysanlegg

Møre og Romsdal fylkeskommune startar no arbeidet med nytt belysningsanlegg i Stordaltunnelen. Arbeidet startar 2. november, og skal gi betre lysforhold og meir moderne tekniske løysingar i tunnelen.

Prosjektet omfattar etablering av nytt belysningsanlegg gjennom heile tunnelen. I tillegg skal det installerast nytt styringsanlegg, fordelingsskap, bommar og all nødvendig kabling. Det eksisterande belysningsanlegget blir fjerna som ein del av arbeidet.

Entreprenøren Aventis AS skal utføre anleggsarbeidet som varer i om lag 6 månader til ugangen av april. Det blir kolonnekøyring med ledebil på dagtid frå og med 2. november. Frå måndag 9 november er det planlagt kolonnekøyring med ledebil både på dag- og nattestid i periodar medan arbeidet går føre seg.

Trafikantar oppmodast om å berekne noko ekstra reisetid.