Stikk UT! på fellestur i Friluftslivets år
Vi markerer Friluftslivets år og inviterer til tur til eit StikkUT!-turmål i kvar av dei sju bygdene i kommunen. Ordføraren blir med på turane – bli med du også! Første tur går til Kokarsteinen på Dyrkorn tysdag 6. mai kl. 18.
Til Kokarsteinen tysdag 6. mai
Fin, lett tur langs gamlevegen frå Dyrkorn til Kokarsteinen. Fjordutsikt heile vegen. Turen er om lag 3,5 kilometer tur/retur og det er ganske flatt med lett stigning i starten.
Lokalkjente turleiarar er Oddbjørg Skotte og Bjørg Jacobsen. Ordførar Terese blir også med. Bli med på eit fin rusletur i roleg snakketempo.
Oppmøte og parkering ved Devoldutsalet på kaia på Dyrkorn klokka 18.
Stikk UT! på tur i Fjord
Stikk UT!-kontaktane inviterer i samarbeid med Fjord kommune til fellesturar til eit StikkUT!-turmål i kvar av dei sju bygdene i kommunen. Dette er enkle kveldsturar med lokalkjent turleiar, der målet er prat og naturoppleving. Ope for alle! Ordføraren blir med på turane – bli med du også!
Turstart for alle turane er klokka 18.00.
dato | turmål | oppmøte og parkering |
Tysdag 6. mai | Kokarsteinen | Kaia på Dyrkorn |
Torsdag 15. mai | Gamlevegen Alstad-Grønning | Gudbrandsjuvet i Valldal |
Torsdag 22. mai | Ruggå | Hauge i Fjørå |
Tysdag 27. mai | Mosætra | Mo bedehus i Stordal |
Torsdag 5. juni | Kallsethaugen | Herdalssætra i Norddal |
Tysdag 10. juni | Saudebotn | Kaldhussætra i Tafjord |
Torsdag 12. juni | Storhjellsætra | Kleiva i Eidsdal |
Publisert 02.05.2025 16.42