Kart til alle
Turmåla denne sommaren finn du i Stikk UT!-kartet, på stikkut.no og i Stikk UT!-appen.
Informasjon og kart for Stikk UT!-turmåla 2026
Kartet er sendt ut til alle husstandar i fylket. I tillegg har servicetorga kart tilgjengeleg, slik at den som eventuelt ikkje har fått det i postkassa kan hente det der.
– Kartet er friluftsråda sin invitasjon til alle om å delta på Stikk UT!. Vi har erfart at det er ei viktig inspirasjonskjelde til både nærturar og til å oppleve nye turmål, seier Hilde Ellingsæter som er Stikk UT!-ansvarleg i Sunmøre friluftsråd. Om lag 20 prosent av turmåla denne sesongen er nye, noko som gir gode moglegheiter til å utforske nye stiar og område.
Stikk UT! er kjent for gode turskildringar og god merking av turruter. Dette gjer det enkelt å finne fram til nye turmål, sjølv utan lokalkunnskap. Hugs å lese turskildringa før du startar, det gir eit betre utgangspunkt for turen.
Vis turvett
Friluftsråda er opptekne av at alle som skal på tur tek omsyn til natur, grunneigarar, dyr, fuglar og alle du møter.
– På baksida av Stikk UT!-kartet finn du Stikk UT!-vettreglane. Følg dei så blir det kjekkare for alle. Og til alle hundeeigarar, hald hunden i band så den ikkje skremmer fuglar eller gjer skade på beitedyr. Og hugs å ta med hundebæsjeposen heim, oppmodar Ellingsæter.
Stor innsats av frivillege
I desse dagar er fleire hundre frivillege ute med kodelappar og merkar turmåla som er med i sommarsesongen. Dei frivillege er heilt avgjerande for at vi skal klare å gjennomføre Stikk UT! i den skala vi gjer, så ei stor takk til dei. Friluftsråda rettar også ei takk til kommunane, som saman med dei frivillege vel ut turmål og ordnar det praktiske kring turmålet, og til alle velvillege grunneigarar.
Stikk UT! som eigenberedskap
2026 er Totalforsvarsåret, med auka merksemd på beredskap og eigenberedskap i samfunnet. Erfaring viser at friske og aktive innbyggarar er betre rusta til å møte kriser. Eigenberedskap handlar om å kunne klare seg sjølv i ein periode, ta vare på kvarandre og kjenne nærmiljøet sitt.
Gjennom Stikk UT! blir dette styrkt kvar dag. Turane bidreg til å gjere folk friskare og meir robuste, det gir overskot og meistring, og styrkar den mentale helsa. Stikk UT! er difor ei form for enkel beredskap.
Sommarsesongen varer heilt til 31. oktober. Vi ønskjer alle ein riktig god tursommar!
Stikk UT! ein tur du også!
Hilde og Liv i Stikk UT!
Stikk UT!
Pressemelding frå Sunnmøre friluftsråd