Stikk innom digital kaffikrok!

Har du lyst til å bli flinkare digitalt saman med andre? Velkomen innom digital kaffikrok! Neste kaffikrok er i Eidsdal onsdag 30. september og i Valldal torsdag 1. oktober.

Gratis opplæring

Den digitale kaffikroken er eit gratis lågterskeltilbod der du kan få hjelp, rettleiing og opplæring i bruk av mobil, nettbrett og digitale tenester. Har du utstyr sjølv - ta det gjerne med, men om du ikkje har så kan du få låne eit nettbrett med oss.

Den digitale kaffikroken finn du her 

NORDDAL - nærbutikken – tysdag i partalsveker kl. 11–13 
EIDSDAL - omsorgsbustaden - onsdag i partalsveker kl. 11–13  
VALLDAL - biblioteket - torsdag i partalsveker kl. 11.30-13.30 
TAFJORD - nærbutikken - tysdag i oddetalsveker kl. 11-13
STORDAL - frivilligsentralen - torsdag i oddetalsveker kl.13-15

To personar ser på skjerm - Klikk for stort bilete Aldersvennlig Norge
Karoline Høydal Lingaas
Prosjektleiar - fleire digitale eldre

 

Person smiler mot kamera - Klikk for stort bilete Aldersvennlig Norge