Statssekretærar på besøk

Måndag 23. juni besøkte statssekretærane Kristoffer Andre Hansen (Klima- og miljødepartementet) og Hanne Berit Brekken (Landbruk- og matdepartementet) Fjord kommune. Tema for besøket var den alvorlege situasjonen som beitenæringa i Fjord og Rauma kommunar står i på grunn av tap av sau og lam til jerv over fleire år.

Gruppe menneske står oppstilg - Klikk for stort bilete

Først fekk statssekretærane møte sauebøndene Hans Martin Gjedrem og Tone Grønningseter på gardane deira lengst framme i Valldalen. Deretter var det lunsj og møte på Valldal Fjordhotell.

Statssekretærane fekk høyre innlegg frå fleire sauebønder og landbruksorganisasjonar, og dei fekk overlevert ei kravliste signert Fjord og Rauma kommunar og ei felles beitenæring v/Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau og Geit.

Statssekretærane gav gode oppsummeringar av dagen. Dei var audmjuke og innrømte at vedteken politikk (rovviltforliket) ikkje vert gjennomført i praksis, og at det er eit stort demokratisk problem at landbruksnæringa og lokalsamfunna som vert hardast ramma har mista tilliten til systemet. Dei lova å ta situasjonen på alvor, og følgje opp slik at det faktisk blir ei endring, og at sauebønder både i jerveforvaltningssona og beiteprioritert område kan drive vidare utan å bli tvinga til å legge ned.

Illustrastjon - Klikk for stort bilete