Språk på menyen

Visste du at det går an å prate med både hender og føter og latter? Det gjer dei på frivilligsentralen i Stordal kvar torsdag. Bli med inn!

Seks deltakarar på introprogram møtast kvar torsdag på frivilligsentralen i Stordal. Desse dagane er det språktrening på menyen, med Palma Flåen Øvrebust i samarbeid med Bjørg Jacobsen som «norskpratarar». 

Julekrans og riskrem

Torsdag 11. desember var det juleverkstad der alle laga flotte julekransar. Til lunsj vart det servert tradisjonell sunnmørsk julemiddag med riskrem til dessert. Nye smakar for dei fleste - men alle sa det var veldig godt! 

Mange språk i lufta

Dagane på språktrening er varierte. Vi speler ulike brettspel, leikar og syng og har øvingar som Palma er primus motor for. Og sjølvsagt pratar vi – både på nynorsk, bokmål, sunnmørsk ukrainsk, tysk og engelsk. Vi pratar til tider med hender og føter og latteren sit laust. 

Vaflar og ny kvardag

Sidan oppstarten i november har vi vore ute på tur, steikt vafler, shoppa og rydda på gratisbutikken. Dei kan gjere lekser som dei har i norskundervisninga via introprogrammet, og vi kan hjelpe med svar på spørsmål eller praktiske utfordringar i ein ny kvardag i nytt land. 

Stikk innom for ein prat!

Språktreninga er nyttig for deltakarane og held fram over nyttår. Om du har lyst å bli kjent med denne trivelege gjengen er du velkomen innom frivilligsentralen på torsdagar mellom klokka 10-14. 

PS! Det blir også servert vafler og kaffi. Kom-kom!
 

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64