Biblioteket inviterer ungdommar i 7. - 10. klasse til ein speledag torsdag 26. mars etter skuletid. Det blir gaming eller brettspel, pizza og god stemning.
Er du klar for ein kjekk speledag?
Biblioteket inviterer deg som går i 7. - 10. klasse til ein ettermiddag fylt med gaming, moro og god stemning.
Stad: Biblioteket i Valldal
Tid: torsdag 26. mars klokka 14-17
Nintendo, ludo og pizza
Speledagen blir ein kombinasjon av digitale og analoge aktivitetar. Arrangementet er retta mot 7. - 10. klasse og passar både for elevar som er vant med å spele og dei som er nysgjerrige og vil prøve noko nytt.
Test den nye storskjermen og Nintendo Switch med ulike spel. Du kan også spele brettspel eller lese ei bok. Vi serverer gratis pizza. Stikk innom etter skuletid!
Velkomen til ein trygg, sosial og inkluderande møteplass!
Innkjøp av utstyr er finansiert med midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune til datakulturprosjektet i Fjord.
Plakat speledag på biblioteket
Publisert 24.03.2026 12.40
Sist endra 24.03.2026 13.19