Sommarlesfest!

Fjord bibliotek inviterer alle deltakarane på Sommarles, og alle born frå 1. til 7. klasse, til Sommarlesfest med teater onsdag 23. september.

Sommarlesfest for alle i 1.-7. klasse

Fjord bibliotek inviterer alle deltakarane på Sommarles - og alle elevar frå 1. til 7. klasse - til Sommarlesfest.

Teater!

I år får de oppleve den underhaldande og lærerike teaterframsyninga «Bia og honningtyven», ei morosam forteljing om bier, natur og spennande eventyr.

Tid og stad

Onsdag 23. september

Stordalshallen, grendasalen klokka 14.00

Fjord bibliotek, Valldal klokka 17.00

Gratis skyss frå Eidsdal- hugs påmelding

Dei som treng skyss frå Eidsdal må melde seg på via SMS til via SMS til telefon 418 67 953 innan 22. september kl. 14.00.

Velkomen til Sommarlesfest

Vi gler oss til å feire Sommarles saman med dykk! 

Helsing Fjord bibliotek

dekorativ - Klikk for stort bileteBia og honningtyven - teater på sommarlesfest 2026