Sommarles startar no!

Teikning av to barn som står på ei flygande bok. - Klikk for stort bileteSommarles 2023

Startskotet for årets Sommarles er 1. juni. Sommarles er ein digital lesekampanje for alle som skal starte i 1. klasse og oppover til og med 7. klasse.

Går du i 1.- 7. klasse?

Då kan du bli med på den kulaste sommarleskampanjen i Noreg!

Lag din eigen profil på sommarles.no og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien. Les bøker og sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve, og få kule premiar.

Sjekk ut sommarles.no for meir info eller besøk det lokale biblioteket ditt.


Bok eller lydbok

Du kan lese bøker eller høyre lydbok og samle poeng. Lag konto på Sommarles.no og registrer bøkene dine. Premiane hentar du på biblioteket.

Sjå film om Sommarles 2023


 

Plakat. Illustrasjon. - Klikk for stort bileteSommarles 2023