Sommarhelsing frå politiet

Førebyggande avdeling i politiet sender sommarhelsing til føresette og andre med fokus på nokre tema som er relevante inn mot sommaren. 

Foreldreansvar, el-sparkesyklar og sosiale medium

Tema for sommarhelsinga er foreldreansvaret og samkøyring av reglar med andre føresette, reglar for bruk av el-sparkesyklar, utfordringar i den digitale verda med sosiale medium og mobiltelefon og å ha ein god og open dialog med ungdomane.

Skap ein open dialog

I brevet har politiet tatt med eit oppsummert sitat frå 14 elevar på vidaregåande skular i distriktet vårt:

"Jeg tror mange foreldre er redde for å sette grenser og kjenner på at, "shit", nå er jeg den strenge forelderen, jeg vil jo egentlig være den kule. Men de må være litt strenge og sette regler hjemme. Forebygging er første steg, og det starter med at foreldrene har en åpen dialog med ungene sine og sier ting som kanskje kan være litt kleint å snakke om egentlig…"

 

Sommarhelsing frå lokalt, førebyggande politi i Møre og Romsdal. (PDF, 240 kB)


Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom kan du finne nyttig informasjon på sida Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Fjord kommune (BTI).

 

Barn, bevegelse, grønt gras, blå himmel - Klikk for stort bileteSommar