Skredkartlegging

Det vert gjennomført skredkartlegging i terrenget på Dyrkorn og i Valldal i perioden 8.-12. juni.

Kartlegging i terrenget

Skred AS gjennomfører skredkartlegging i regi av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i perioden 8.–12. juni.
Arbeidet vil gå føre seg i terrenget på Dyrkorn og i Valldal. Det kan også bli nytta drone i samband med kartlegginga.
Personell frå Skred AS kan i denne perioden vere synlege i området, også i nærleiken av bustader og eigedomar.

Spørsmål?

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med Kristin Lome (Skred AS)
E-post: kristin@skred.as