Skredfarekartlegging Stordal

Skredfarekartlegginga for Stordal er no ferdigstilt.

Fjord kommune har no fått ferdigstilt skredfarekartlegging for Stordal. Kartlegginga er gjennomført i tråd med NVE sin rettleiar for tryggleik mot skred i bratt terreng, og er kvalitetssikra av uavhengig fagmiljø.

Faresonene er publiserte i NVE Atlas og gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for vidare planlegging og byggesaksbehandling i området.

Kartlegginga inneber ikkje nye tiltak i seg sjølv, men gir betre grunnlag for å vurdere tryggleik ved framtidig arealbruk og bygging.

Kart og nærare informasjon er tilgjengeleg i NVE Atlas

Bruk kartlaga Naturfare → Skred i bratt terreng