Skal bli meir demensvenleg

Fjord kommune har inngått avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse med mål om å bli eit meir demensvenleg samfunn.

Personar rundt eit bord - Klikk for stort bileteOrdførar Terese J. Moen, kommunalsjef Sindre Erstad og leiar Valldal Helselag Turid Løvoll

Eit demensvenleg samfunn handlar om å inkluder personar med demens, og deira pårørande. Eit slikt samfunn gjer det enklare og tryggare for personar med demenssjukdom å meistre kvardagslege aktivitetar,  noko som gjer at den demente blir meir sjølvhjelpt og kan leve aktive liv lengst mogleg. 

Over 100 000 menneske i Norge har demens, og over halvparten av desse bor i eigen heim. I åra som kjem vil stadig fleire få demens, og det er behov for å skape eit meir demensvenleg samfunn. Vi kan alle bidra til dette.

Mange bedrifter har fått epost med oppmoding om å delta i dette arbeidet. Viss det er nokon vi ikkje har fanga opp, så ta kontakt med Grete Tøsse.

Dette betyr mykje for folkehelsa, seier ordførar Terese J. Moen. 

Grete Kvammen Tøsse
Leiar institusjon - heimeteneste Stordal
E-post
Telefon 41 86 79 60