Samarbeidsprosjekt ved Valldal skule

Valldal Bygdekvinnelag, Sparebanken Møre og H.L. Muri har gått saman i eit verdifullt samarbeidsprosjekt for å styrke mat- og helsefaget ved Valldal skule.

Personar stilt opp på rekke - Klikk for stort bilete

Under leiing av Valldal Bygdekvinnelag er det kjøpt inn nytt og viktig utstyr til skulekjøkkenet, til stor glede for både elevar og lærarar. Det nye utstyret på skulekjøkkenet betyr betre læring, større matglede og tryggare meir inspirerande matlaging for elevane.

For å markere bidraget inviterte Valldal Bygdekvinnelag og 9.klasse til ein triveleg påskelunsj for elevane på ungdomstrinnet. Lærarane, ordførar, kommunalsjef oppvekst, butikksjef H. L. Muri og banksjef var også invitert. 

Under arrangementet fortalte leiar Bjørg Kleppe om bakgrunnen for prosjektet og ønsket om å bidra til meir praktisk og inspirerande undervisning. Det blir ikkje berre investert i eit godt utstyrt skulekjøkken, men viktig ferdigheit for barn og unge som dei vil ta med seg vidare i livet.

Leiar Othilie og nestleiar Sondre i elevrådet retta ei varm takk for initiativet og støtta frå aktørane. Ordføraren takka på vegne av Fjord kommune for engasjementet og den positive innsatsen som kjem både skulen og lokalsamfunnet til gode. Dette viser kor viktig frivilligheita og eit engasjement for fellesskapet er i samfunnet vårt.

Elevar i kantine - Klikk for stort bilete
To personar ser mot kamera - Klikk for stort bilete
To elevar ser mot kamera - Klikk for stort bilete
Personar på rekke - Klikk for stort bilete