Saman om framtida i Fjord

Korleis kan vi skape fleire moglegheiter for næringslivet og gjere Fjord endå meir attraktiv å bu og arbeide i? Arbeidet «Fjord mot 2040» er i gang, og no inviterer vi næringsdrivande, folkevalde og kommunal leiing til å dele erfaringar og idear.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Fjord kommune har fått midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune til eit forprosjekt som skal leggje grunnlaget for eit langsiktig utviklings- og omstillingsarbeid. Vi har leigd inn BDO som prosjektleiar. Dei har solid kompetanse på omstilling og skal hjelpe oss med å finne ei felles retning for arbeidet.

Vi skal byggje på det vi har – og sjå nye moglegheiter

Fjord har mykje å byggje vidare på: engasjerte innbyggjarar, dyktige næringsdrivande, sterke lokalsamfunn og store naturressursar. Samstundes møter vi utfordringar som krev at vi tenkjer nytt og samarbeider godt.

Gjennom «Fjord mot 2040» skal vi finne ut kvar moglegheitene ligg, kva vi bør satse på, og korleis vi saman kan skape utvikling. Målet er eit meir robust næringsliv, fleire arbeidsplassar og attraktive bygder der folk ønskjer å bu.

Kommunen har søkt Møre og Romsdal fylkeskommune og Kommunal- og distriktsdepartementet om status som omstillingskommune. Målet er å få på plass eit langsiktig omstillingsprogram. Forprosjektet skal gi oss ein godt forankra plan for dette arbeidet.

No treng vi innspela dykkar

Neste veke får mange næringsdrivande og medlemmene i kommunestyret tilsendt ei spørjeundersøking. Undersøkinga går også til leiarar i kommunen.

Vi ønskjer å vite meir om føresetnadene for å få til utvikling i Fjord, og få innspel til kva vi bør prioritere framover. Erfaringane og ideane til dei som kjenner kommunen og næringslivet, er viktige når vi skal peike ut retninga.

Vi håpar at alle som får undersøkinga, tek seg tid til å svare. Kvart svar er eit viktig bidrag til det vidare arbeidet.

Ønskjer du å delta?

Er du næringsdrivande i Fjord og ønskjer å bidra, men ikkje har fått lenkje til undersøkinga i løpet av tirsdag 24. november? Ta kontakt med servicetorget i kommunen, tlf. 418 67 800 eller epost: post@fjord.kommune.no, så får du hjelp til å delta.

Saman kan vi finne gode løysingar for Fjord mot 2040.