Rockesokk i barnehagen

Vi er alle like unike! Syltebøen barnehage markerer Rockesokk-dagen.

Kva er Rockesokk?

mange føter med ulike sokka - Klikk for stort bileteRockesokk 2026

21. mars feirar vi Rockesokk-dagen og verdsdagen for Downs syndrom. Dette er ein FN-dag som vert markert over heile verda. I Syltebøen barnehage markerer dei dagen fredag 20. mars.

Alle er like unike

Gjer som barna i barnehagen og ta på deg to ulike, fargerike sokkar for å feire mangfald, unike eigenskapar og menneskeverd.