Registrering og tilsyn med mindre avløpsanlegg
I samband med tilsynsarbeid på mindre avløpsanlegg vert det gjennomført registrering av mindre avløpsanlegg (under 50 personekvivalenter – pe).
Målet er å få ei oppdatert oversikt over private avløpsløysingar og sikre at dei fungerer som dei skal, slik at vi tek vare på reint vatn og eit godt nærmiljø.

Arbeidet vert delt inn i område
For å gjennomføre arbeidet på ein ryddig og effektiv måte, vert kommunen delt inn i fleire mindre område.
Eigedomar i det aktuelle området vil få eige brev med informasjon og registreringsskjema når turen kjem dit.
Det er ikkje nødvendig å sende inn informasjon før du får tilsendt brev frå kommunen.
Kvifor gjer vi dette?
Arbeidet vert gjort i tråd med forureiningsforskrifta kapittel 12, som stiller krav til drift og dokumentasjon av mindre avløpsanlegg.
Kommunen har ansvar for å føre tilsyn og sørgje for at alle anlegg er i forsvarleg stand, slik at ureining ikkje skjer til grunnvatn, bekkar eller sjø.
Takk for at du bidreg til å ta vare på natur og reint vatn i Fjord kommune!
Publisert 10.12.2025 09.11
Sist endra 10.12.2025 13.30