Redusert mva-sats for vatn og avløp

Stortinget har vedteke at meirverdiavgifta for vatn og avløp skal reduserast frå 25 til 15 prosent. Dette var gjort i forbindelse med behandling av statsbudsjettet for 2025. Endringa gjeld frå 1. juli 2025.

Dette betyr at dei som betaler for kommunalt vatn, avløp og slamtømming får ein reduksjon i utgifta på kommunale gebyr. Kor mykje kvar enkelt vil “spare” vil variere etter gebyrgrunnlaget - det vil seie om du har vassmålar eller ikkje, storleik på bustaden, kor ofte du har tømming av septiktank, og så vidare.

Også tilkoblingsgebyr på vatn og avløp får lavare mva-sats.

Når ser eg endringa på fakturaen? 

Frå 1. juli vil grunnlaget på fakturaen ha 15 % merverdiavgift (mva.) på vatn- og avløpsgebyr, og gebyr for tømming av septiktanker, tette tanker og minirenseanlegg.

Ny mva-sats kjem på 3. termin (juli, august og september).