Raus januar

Synest du at januar er lang og mørk? Med tiltaket  “Raus januar” fokuserer vi på aktivitetar som er opne for alle – stikk innom, saman lagar vi ein raus og varm vinter!

Januar kan vere ein mørk og lang månad for mange og med “Raus januar” fokuserer vi på aktivitetar og tiltak som er opne for alle og hyggeleg å vere med på.

Raus januar er eit tiltak innanfor programmet ABC for god psykisk helse. Fjord kommune har fått tilskotsmidlar til dette arbeidet frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

God psykisk helse handlar om å ta vare på seg sjølv og kvarandre ved å vere aktiv, gjere ting i lag med andre og fylle dagane med noko meiningsfullt. 

ABC for god psykisk helse

Bøker og kino

Biblioteka har ekstra fokus på kaffi og prat med noko attåt no i januar - stikk gjerne innom dei, eller ein annan aktivitet som du likar eller har interesse for.

Fredag 16. januar inviterer vi til gratis kino for alle i 1.-10. klasse i Fjord. Etterpå vert det open hall for ungdom i Martin Linge-huset.

Kva skjer i januar

Nedanfor finn du oversikt over aktivitetar i januar, henta frå kalenderen på nettsida vår.

Fleire aktivitetar kjem til, følg med på aktivitetskalenderen


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

Meir informasjon om kvar aktivitet finn du på kalenderen  på opplevfjord.no eller fjord.kommune.no - eller ta kontakt med arrangør. 

Aktivitetskalenderen

Har din organisasjon eller bedrift opne møteplassar de vil marknadsføre på kalenderen? 
Det er to måtar å melde inn aktivitetar på.