Raset ved Fjordheim i Tafjord
Fjord kommune fekk torsdag kveld melding om eit steinras ved Fjordheim i Tafjord. Raset gjekk i nærleiken av eit område som vert nytta til campingplass.
Oppdatering 12.12.25:
NVE har utført førebels rapport vedkomande skredfare ved campingplass i Tafjord. Drivar av campingplassen er pålagt å halde området avstengt inntil vidare undersøkingar er gjennomført.
Avstengt område
Området er privat eigd og drifta og er no avstengt. Kommunen var på staden for å synfare raset og registrere omfanget fredag 5.desember. Kommunen var i dialog med politiet og vart einig i å avvente til neste dag for vidare oppfølging. Kommunen har kontakta NVE i dag for vidare vurdering og ventar på svar frå dei.
Synfaring 8. desember
NVE gjennomførte synfaring ved skredområdet i Tafjord måndag 08.12, saman med administrasjonen i Fjord kommune. Dei filma nøye løsneområdet og omkringliggande område i tillegg.
Etter at geologane i NVE har bearbeidd dette vil Fjord kommune motta ein fagleg rapport. Inntil rapporten ligg føre er det naturleg å oppretthalde avgrensa tilgang til rasområdet.
Publisert 12.12.2025 14.53
Sist endra 12.12.2025 14.53