Prøvetimar på gitar og slagverk
Har du lyst til å teste ut gitar eller slagverk før du eventuelt melder deg på i kulturskulen? No har du moglegheita! Fjord kulturskule tilbyr fire prøvetimar (to i Valldal og to i Stordal) på gitar og slagverk i veke 16.

På ein prøvetime får du teste ut instrumentet og eit innblikk i korleis undervisninga kan foregå. Prøvetimane er opne både for barn, ungdom og vaksne.
Tidspunkt
Valldal: Onsdag 17.april. Prøvetime1 – kl. 18.00 – 18.25. Prøvetime2 – kl. 18.25 – 18.50
Stordal: Torsdag 18.april. Prøvetime1 – kl. 18.00 - 18.25. Prøvetime2 – kl. 18.25 – 18.50
For å melde seg på ein prøvetime: Send epost til thea.marie.ytterdal@fjord.kommune.no med ønska tid og sted.
Prøvetimane er gratis.
Her er det førstemann til mølla som gjeld!!
Publisert 15.04.2024 13.17
Sist endra 15.04.2024 13.17