Prosjekt HUS startar opp - prosjektleiar på plass

Are Leira er tilsett som prosjektleiar for å bidra til å utvikle bustadmarknaden i Fjord kommune.

Mann som smiler mot kamera - Klikk for stort bilete

Leira kjem frå Ålesund, og har mykje nettverk og kjennskap til kommunen.  Han har allsidig bakgrunn frå byggfag, og gjennom etablering og drift av eige føretak. Han har god kjennskap til universell utforming av bustader gjennom tett samhandling med NAV Hjelpemiddel.

Leira startar i stillinga 1. november.

Les meir om prosjektet i tidlegare artikkel Ledig prosjektstilling - Bulyst gjennom attraktive bustader - Fjord kommune