Problem med å kommunisere med fleire kommunar

Kommunane Ålesund, Sula, Haram, Giske og Fjord, som er ein del av eKommune Sunnmøre, opplever for tida driftsproblem som påverkar Outlook og Teams. Dette fører til forseinkingar i intern og ekstern kommunikasjon. Feilen ser no ut til å vere løyst.

Kl. 13.30:

Løysing på kommunikasjonsproblem i eKommune Sunnmøre

Kommunane Ålesund, Sula, Haram, Giske og Fjord, som er ein del av eKommune Sunnmøre, hadde fredag morgon driftsproblem som gjorde at e-post og Teams ikkje fungerte for svært mange brukarar. Per kl. 13.00 er feilen i all hovudsak løyst.

Årsaka til problemet er ein teknisk feil i ei ekstern systemløysing. Det har ikkje vore eit dataåtak. Feilen vart oppdaga tidleg fredag morgon 21. august.

Kl. 11.00:

Det blir arbeidd med å løyse problemet så raskt som mogleg. Feilen kjem av synkronisering av brukaropplysningar, og det er ikkje teikn til at dette er eit dataåtak. Tilgangen til kritiske helsesystem er ikkje påverka. Feilen vart oppdaga tidleg fredag morgon 21. august.

Innbyggjarar og samarbeidspartnarar blir bedne om å ha forståing for at enkelte førespurnader kan ta noko lengre tid enn vanleg. Kommunen vil oppdatere informasjonen så snart det ligg føre ny status.

Vi beklagar ulempene dette medfører.

Kommunane Ålesund, Haram, Sula, Giske og Fjord er med i eKommune Sunnmøre. Dette er eit offentleg-offentleg samarbeid, der alle kommunane er leverandørar inn i samarbeidet.