Politiet informerer

Politiet ønskjer å åtvare innbyggarane om omreisande personar i fylket som særleg oppsøker eldre og sårbare personar ved dørsal. Om du eller nokon du kjenner opplever noko slikt så vil politiet gjerne få beskjed om det.

Pågåande seljarar

I tilfelle som er meldt inn til politiet i mai er det snakk om utanlandske seljarar som i nokre tilfelle vert opplevde som svært pågåande. Dei kan lure kjøparen til å tru at dei ikkje har gitt frå seg pengane eller gir for lite tilbake i veksel. Det kan sjå ut som at dei oppsøker omsorgsinstitusjonar, eldresenter eller eldre som framleis bur i eigen bustad. Det har også hendt at dei har gått inn i ulåste hus og stole verdisaker.

Politiet sine generelle råd

  • Ver varsam i møte med oppsøkande dørsal.
  • Snakk med familiemedlemmer om temaet, særleg med sårbare og eldre.
  • Avvis og ta kontakt med politiet så raskt som mogleg dersom du opplever å føle deg truga.
  • Dersom du har blitt lurt bør du ta kontakt med politiet for vidare råd og rettleiing.

Du kan kontakte politiet på telefon 02800.