Pilotprosjekt for digital inkludering av eldre

I samarbeid med Senteret for eit aldersvennleg Noreg skal kommunen prøve ut nye måtar å hjelpe eldre med å meistre digitale verktøy og tenester på. Neste veke startar vi opp med kaffiprat på biblioteka for å presentere det nye tilbodet.

To personar ser på skjerm - Klikk for stort bilete Aldersvennlig Norge

Prosjektet skal gå frå september 2026 til februar 2027, og er fullfinansiert via eksterne prosjektmidler. Målet er å redusere digitalt utanforskap og gjere det enklare for fleire eldre å delta aktivt i samfunnet. Gjennom lågterskeltilbod med lokal forankring skal innbyggjarane få støtte, opplæring og tilgang til digitale verktøy i trygge og sosiale omgjevnader.

Karoline Lingaas er tilsatt som prosjektleiar. Ho er oppvaksen i Valldal og har no flytta heim att. 

Bygg på kommunen sitt planarbeid

Prosjektet er godt forankra i det pågåande arbeidet med å utvikle Fjord kommune som eit meir aldersvennleg samfunn. Kommunen har dei siste åra hatt eit særleg fokus på møteplassar, samskaping, frivilligheit og løysingar som styrkjer livskvalitet og deltaking.

Tiltak

Digital kaffikrok

Det blir etablert digitale kaffikrokar rundt om i kommunen. Her kan eldre få hjelp med mobiltelefon, nettbrett og digitale tenester, samtidig som møteplassane skal vere sosiale arenaer med fellesskap, kaffi og uformell læring.

Digital hjelp heime

For dei som har vanskar med å møte opp på felles aktivitetar, blir det mogleg å få rettleiing i eigen heim. Tilbodet skal gjere det enklare for fleire å få hjelp på sine eigne premissar.

Målet er at tilbodet skal vere lett tilgjengeleg uavhengig av kvar ein bur. Geografien i kommunen skal ikkje vere til hinder for å delta. Det blir derfor lagt opp til gratis skyss for dei som treng det for å kome seg til dei digitale møteplassane.

Utlån av nettbrett

Gjennom ei utlånsordning kan eldre låne nettbrett og prøve digitale løysingar før dei eventuelt vel å skaffe eigne digitale hjelpemiddel.

Les meir om dei ulike tilboda.

Frivillige er viktige samarbeidspartnarar

Frivillige lag, organisasjonar og eldsjeler vil spele ei sentral rolle i prosjektet. Gjennom samarbeid med mellom anna pensjonistlag, frivilligsentralar, Seniornett og andre lokale aktørar ønskjer kommunen å byggje eit tilbod som kan vare også etter at pilotperioden er avslutta.

Velkomen til kaffiprat

Karoline vil bli å treffe på biblioteka neste veke, og tilbyr kaffi, vaflar og god prat om kva desse nye tilboda inneber:

Valldal - fredag 21. august kl. 11 - 13
Stordal - måndag 24. august kl. 17 - 19
Eidsdal - onsdag 25. august kl. 13 - 15

Kjenner du til nokon som kan ha nytte av eit slikt tilbod? Hjelp oss å gjere tilbodet kjent i ditt nabolag.

Karoline Høydal Lingaas
Prosjektleiar - fleire digitale eldre