Fjord kommune

Påmelding til kulturskulen

Påmelding til kulturskulen

Vi har fått tilbakemelding om at fleire har problem med påmeldinga til kulturskulen. Påmeldinga vert ikkje registrert i systemet, eller ein ikkje kjem «gjennom» med påmeldinga.  Vi arbeider med å finne årsaken til at dette skjer, og håper det løyser seg raskt.

På grunn av dette, har vi no opna opp for påmelding igjen. Ny påmeldingsfrist er sett til 15.mai. Om ein fortsatt skulle oppleve problemer med påmelding – send ein e-post til fungerande rektor på thea.marie.ytterdal@fjord.kommune.no eller ring tlf. 415 76 702.

P.S Om ein har forsøkt å melde seg på dansekurset som starter denne veka, men ikkje har mottatt informasjon frå kulturskulen – ta kontakt snarast.