På skeiser på Eidsvatnet

Denne veka har 5. - 10. klasse ved Eidsdal skule hatt ein superdag med skeiser på Eidsvatnet. Ustøe bein opplevde meistring og det vart leik og moro på isen med både 100 meter spurt og ishockeykamp.

Meistring på isen 

utandørs, islagt vatn, fjell, himmel, sju personar på skeiser - Klikk for stort biletePå skeiser på Eidsvatnet Kari E.L. Dalhus

Først og fremst var det berre å nyte den fine isen og prøve å stå og finne balansen. Mange prøvde seg på 100 meter spurt med tidtaking, og deretter ishockeykamp og leik på isen. Nokre brukte spark, kjelke og tau til å drage og skubbe kvarandre rundt, så alle fekk utforska isen sine eigenskapar i møte med ustøe bein og skeiser. Meistringa kom litt etterkvart, og dette freista til gjentaking for dei aller fleste! Det var godt vêr, og litt vind gjorde at dei fekk testa ut korleis dette kunne utnyttast til litt ekstra fart. Vi håper isen held framover, slik at dette kan prøvast fleire gongar! 

Takk for hjelp med skyss og utstyr

Vi hadde hjelp frå foreldre til skyssing fram og tilbake, og det set vi stort pris på. Skeiser fekk vi også ordna til alle, både dei som hadde vakse ut av sine sidan sist, og til dei som ikkje hadde prøvd før. 

Helsing Eidsdal skule