Du kan møte ordføraren i lag med frivilligsentralane på nærbutikkane rundt om i bygdene i mai. Somme stadar vil også politikontakten vere med. Stikk innom for ein prat!
Møt ordføraren
Ordførar Terese Jemtegård Moen har ein fast, uformell møteplass der det er lett for innbyggarane å stikke innom for ein prat og kome med innspel. Du kan møte ordføraren på desse stadane no i mai:
Måndag 4. mai: Nærbutikken Norddal
Fredag 8. mai: Joker Stordal
Måndag 11. mai: Alf Tafjord Landhandel
Onsdag 13. mai: Coop Marked Eidsdal
Måndag 18. mai: Spar Valldal
Alle dagar klokka 15-17.
Frivilligsentralen deltek
Fjord frivilligsentralar blir også til stades i lag med ordføraren og vi inviterer frivillige lag og alle andre til å møte oss der med idear eller utfordringar. Har du eit arrangement som kan leggast på kalenderen så fiksar vi det!
Møt politikontakten
Karl Idar Vik er Fjord kommune sin politikontakt og det daglege kontaktleddet mellom kommunen og politiet. I vinter var han i lag med ordføraren i butikkar i tre av bygdene. Denne gongen planlegg å han vere med i Tafjord og i Eidsdal.
Velkomen innom!

Publisert 29.04.2026 13.29
Sist endra 29.04.2026 15.21