Oppstart av nytt kurs i helsenorsk

Fjord kommune startar nytt kurs i helsenorsk. Kurset bygg vidare på kurset som gjekk i vår. God norsk språkkompetanse er avgjerande for å sikre trygg og effektiv kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer. 

Lærar som underviser - Klikk for stort bileteBilde frå første kurskveld vår 2025

Kurs i helsenorsk – del 1 vart gjennomført januar – april 2025, og har vore eit vellykka samarbeidsprosjekt mellom NAV og Fjord kommune. Personar som arbeider, hospiterer eller ønsker å arbeide innanfor dei kommunale helse- og omsorgstenestene, har fått strukturert og målretta norskopplæring. Det har vore særskilt fokus på fagomgrepa gjennom ei praksisnær tilnærming, og knytt opp mot kvardagen innafor helse og omsorg.

Det første kurset inkluderte opplæring i fagterminologi, anatomiord, kommunikasjon kring sjukdommar og korleis ein kommuniserer med demente. Deltakarane ga positive tilbakemeldingar, og følte seg meir trygge på å bruke norsk i praksis. Kurset vart vurdert som vellykka og anbefalt vidareført.

Leiarane sine tilbakemeldingar undervegs i det første kurset, understøttar den utviklinga i kommunikasjonsevne hos deltakarane. Det at dei ønsker eit nytt kurs no etter sommaren, viser lærevilje, engasjement og trivsel. 

Del 2 kurset gir fleire gode verktøy og meir øving i kommunikasjon, og går over 14 tirsdagskveldar frå september til desember ved Stordal skule. Lærer er Eva Hove.

«Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs i det daglege arbeidet med samfunnsoppdraget. Klarer vi å samsnakke, samarbeide og samhandle bedre, blir det endå bedre tenester, god integrering og godt arbeidsmiljø. »  
Sindre Søvik Erstad, kommunalsjef helse, omsorg og velferd – Fjord kommune