Oppstart av namnesak - gjeld fire stadnamn
Fjord kommune har bedt Kartverket om å starte namnesak for fjellnamnet Namnløysa, jf. brev datert 26.09.2025. Namnløysa er føreslått som namn på eit hittil namnlaust fjell i Fjord kommune, like ved grensa til Stranda kommune.
Kartverket nyttar samstundes høvet til å reise namnesak for to namn som har skrivemåtestatusen “føreslått” i Sentralt stadnamnregister (SSR); Holmehals og Medalen. Vi tar også med namnet Mefjellet i tråd med § 8 i forskrifta. For Mefjellet ønsker vi også ei avklaring om posisjon.
Saka blir tatt opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk, og for å avklare om fjellnamnet Namnløysa skal bli formalisert. Statens kartverk sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn.
Saka gjeld følgjande namn med variantar av skrivemåtar
Meir om stadnamna
Namnløysa - ønskjer innspel på om dette namnet er kjent og i bruk av folk i området eller om om fjellet har eit anna namn frå før
Namnet i bruk sidan 2010
Namnet har vore i bruk sidan 2010 ifølgje dei opplysningane Kartverket har fått. Dette er altså eit ganske nytt namn, og normalt tar vi ikkje slike namn inn i SSR. Stadnamn veks fram gjennom bruk, og i Handbok for namnebehandling kapittel 7.3.1 står det om namnsetjing av naturlokalitetar at «Namnet kan takast i offentleg bruk dersom tradisjonen for namnet blir dokumentert». Vi vurderer det slik at Namnløysa ikkje har vore i bruk lenge nok til at det kan bli fastsett på vanleg måte.
I Handbok for namnebehandling kapittel 7.3.2 står det også at «Kommunen kan i samråd med Kartverket setje namn på namnlause naturlokalitetar, men det føreset at lokaliteten ikkje har eit namn frå før. Det kan vekse fram lokale behov og ønske om namn på lokalitetar t.d. på grunn av endringar i infrastruktur, ferdselsmønster og busetnad, og då trengst ein prosedyre for å formalisere slike namn».
Har fjellet eit namn frå før?
Eit viktig poeng med denne saka er å få avklart om fjellet har eit namn frå før. Kartverket til no ingen opplysningar som tyder på at det finst eit anna, nedervd namn på fjellet. Vi ønsker innspel om dette frå lokalbefolkninga. Vi ønsker også tilbakemelding på om namnet «Namnløysa» er kjent og bruka av folk i området, eller om det er nytta i ein så liten brukarkrins at det ikkje er grunnlag for å formalisere namnet for offentleg bruk. Vi ønsker også innspel frå folk i Stranda kommune ettersom fjellet ligg nært kommunegrensa.
Les meir om innspela og sjå kart og bilde i brevet som er vedlagt nedst i artikkelen.
Medalen og Mefjellet - ønskjer tilbakemelding på om namnet Medalen er i bruk, og på kva som er rett posisjon for Mefjellet
Medalen og Mefjellet er tatte med i saka etter innspel frå Arne Nydal. Namnet Medalen har så vidt vi kan sjå ikkje vore i offentleg bruk tidlegare, men er no registrert med skrivemåtestatus ‘føreslått’ i SSR. Namnet er omtalt i fleire bygdebøker. Mefjellet er registrert med skrivemåtestatus ‘godkjent’ i SSR. Vi har fått fleire opplysningar om at posisjonen på dagens kart kan vere feil, men finn elles lite informasjon som kan stadfeste posisjonen. Mefjellet har stått på alle utgåver av Norge 1:50 000 og på 2. utgåve av økonomisk kart med den posisjonen som er registrert i dagens kart. Vi ønsker tilbakemelding på om namnet Medalen er i bruk, og på kva som er rett posisjon for Mefjellet.
Les meir om innspela og sjå kart og bilde i brevet som er vedlagt nedst i artikkelen.
Holmehals/Holmhals - ønskjer innspel om kva som er den nedervde, lokale uttalen av namnet
Holmhals er registrert som undernamn på gnr. 156 (tidlegare 105) ved Stordal. Til dagleg kallast garden Øvstholmen, som står som hovudnamn i SSR. Skrivemåten Holmhals er registrert i SSR med status ‘godkjent’, medan Holmehals har status ‘føreslått’. I matrikkelen er skrivemåten Holmhals nytta. På kart står berre namnet Øvstholmen. Både Holmhals og Holmehals er nytta i bygdebøker og liknande. Vi ser i SSR at vanleg samansetjing for namna i nærleiken er Holme- med binde-e, til dømes Holmesætra, Holmehornet, Holmefonna, Holmeaksla, Holmeneset osb. Berre Holmhals har skrivemåte utan binde-e. Vi ønsker innspel om kva som er den nedervde, lokale uttalen av namnet.
Lokal høyring
Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av mellom anna naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn. Før dei gjer vedtak, har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.
Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor ber dei om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet blir uttalt på ulike måtar, ber dei om å få opplyst dei ulike uttaleformene.
Normeringsprinsipp
I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, skal ein som hovudregel følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf. § 4 fyrste ledd i lov om stadnamn. Skrivemåten skal vere praktisk og ikkje skugge for meiningsinnhaldet i namnet. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast.
Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, til dømes for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må difor setje på vent eventuelt pågåande saker som gjeld adressenamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamnet. Kommunen må ta omsyn til den vedtatte skrivemåten av primærnamnet når vi skal gjere vedtak.
Send innspel
Kommunen ønskjer at dei som har meiningar eller opplysningar om eit eller fleira av namna i saka sender inn dette. Merk innsendinga med sak 25/1003. Send innspel til post@fjord.kommune.no
Frist
Svarfrist for innspel er 15. november 2025.
Lenker
Statens Kartverk: Oppstart av namnesak 2025/192 – fjellnamnet Namnløysa med fleire i Fjord kommune (PDF, 5 MB)
Lov om stadnamn