Oppstart av namnesak 2026/82 i Skjåk kommune

Kartverket har starta namnesak på ein del stadnamn i Skjåk kommune. Fleire stadnamn og lokasjonar har tilknyting til Fjord kommune. Frist for innspel er 9. januar 2027.

Vi ønskjer høyringssvar på skrivemåten for namna som ligg heilt eller delvis i vårt område. Innkomne høyringssvar vert samla inn og sendt vidare til språkrådet.

Saka gjeld følgjande namn med variantar av skrivemåtar:

Oppstart av namnesak 2026/82 i Skjåk kommune
NamnType stad
Tordsnose /Torsnos /Tornosefjell
Veltdalen /Vesldalendalføre
Nedre Veltdalen /Nedre Vesldalendalføre
Veltdalselva /Vesldalselvaelv

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av mellom anna naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn. Før dei gjer vedtak, har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor ber dei om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet blir uttalt på ulike måtar, ber dei om å få opplyst dei ulike uttaleformene.

Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, til dømes for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må difor setje på vent eventuelt pågåande saker som gjeld adressenamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamnet. Kommunen må ta omsyn til den vedtatte skrivemåten av primærnamnet når vi skal gjere vedtak.

Frist for innspel

Om de har opplysningar eller innspel på skrivemåten på eit eller fleire av namna, må høyringssvara
sendast Fjord kommune innan 9. januar 2027. 

Merk innsendinga med namnesak 2026/82 - Skjåk kommune.

Høyringssvar skal sendast til e-post: post@fjord.kommune.no eller til postadresse: Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal.

Lenke

Lov om stadnamn

Liste over alle stadnamn i namnesak 2026/82 - Skjåk (PDF, 2 MB)

Petter Aksel Kirkebøe
Rådgjevar Plan og miljø
Telefon 41 86 79 29