Opplæringsprogrammet - Tidleg Inn
Tirsdag 24.02 blei det avhold fagdag nr. 6 knytt til Opplæringsprogrammet -- Tidlig Inn. Programmet er modulbasert og har gått over seks fagdagar med ulike fagtema. Fjord, Sykkylven og Stranda har jobba saman kring dette opplæringsprogrammet med rettleiing og fasilitering frå KORUS.

Tidlig inn er eit nasjonalt opplæringsprogram som skal styrkje kompetansen hos kommuneansatte i å avdekkje og handtere tidlege teikn på utfordringar knytt til psykisk helse, rus og vald hos gravide og småbarnsforeldre.
Programmet er utvikla av Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og vert tilbydd kommunane gjennom regionale opplæringsteam.
Målsetting
Målet er at gravide og småbarnsfamiliar skal få kompetent og tidleg hjelp, særleg på områda:
- psykisk helse
- rusmiddelbruk
- vald i nære relasjonar
Dette skjer gjennom tverrfagleg samarbeid, og ved at fagpersonar får trening i korleis dei kan ta opp sårbare tema på ein trygg, systematisk og empatisk måte. Deltakarane frå kommunal sektor har primært vore knytt til helsestasjon, jordmortenesta og psykisk helseteam. Oppvekst har også delteke på nokre av dagane, samt støttetenestene PPT og Barnevern.
Opplæringa gir kompetanse i
- samtalemetodikk, som motiverande intervju (MI)
- kartlegging av rusbruk hos gravide
- kartlegging av psykiske plager i svangerskap og småbarnsperioden
- kartlegging og samtalar om vald i nære relasjonar
- tverrfagleg samarbeid om alvorlege og komplekse saker
Siste fagdag hadde vald som tema, i tillegg til erfaringsutveksling mellom kommunane.
Publisert 27.02.2026 10.44
Sist endra 27.02.2026 10.47