Opningstider i jula

Her finn du opningstider for fleire kommunale tenester i veke 52 og veke 1.
Vi ønskjer alle i Fjord ei god jul!

Legekontora

Valldal legekontor er ope som vanleg alle kvardagar kl. 08-15.30.
Julaftan og nyttårsaftan ope kl. 08 - 12.

Stordal legekontor er stengt i veke 52 (22.-24. desember).
Ope som vanleg alle kvardagar i veke 1 (29.-30. desember og 2. januar) kl. 08-15.30.
Nyttårsaftan ope kl. 08 - 12.

Telefonnummer lege

Legevakt: 116 117
Naudnummer: 113

Servicetorg og sentralbord

Rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal er stengt frå 22. desember til og med 2. januar.

Sentralbordet er ope måndag 29. og tysdag 30. desember kl. 10 – 14. 
Dei andre kvardagane er sentralbordet stengt.

Biblioteka

Julenisse og bøker - Klikk for stort bileteJul på biblioteket Fjord kommune

Eidsdal

Siste opningsdag før jul er onsdag 17. desember.

Stordal

Siste opningsdag før jul er onsdag 17. desember.

Valldal

Siste opningsdag før jul er fredag 19. desember.

Biblioteka er stengt i romjula. Det blir vanlege opingstider frå 5. januar.

Opningstider for Fjord bibliotek

Frivilligsentralen

Stordal frivilligsentral er stengt frå og med 19. desember og opnar att tysdag 6. januar. 

Gratisbutikken og utstyrsbasen: ta kontakt med Bjørg for avtale. Siste sjanse for utlevering er torsdag 18. desember.