Opning av Friluftslivets år 2025

Laurdag 18. januar vert opning av Friluftslivets år 2025 med arrangementet "Hele Norge båler".  Det vert markeringar på Langsætrane i Stordal og på Øygarden i Valldal.

Velkomen!

Kaffikjel på utandørs grue - Klikk for stort bileteBålkaffi

Vi har fyr på bålet og serverer kaffi eller annan varm drikke. Inviter med deg familie, naboar og vener til å oppleve den magiske kosen rundt bålet. Det blir også aktivitetar og turquiz med fine premiar. Hugs sitteunderlag og gjerne niste eller noko du vil varme på bålet. Det er gratis å delta.

Alle er hjartelig velkomne til å vere med på ein fin utedag i eit fellesskap med bålet som midtpunkt.

Tid og stad

I Fjord kommune vert det to markeringar laurdag 18. januar klokka 13-15. 

Naturmøteplassen - grindløa ved skytebana på Øygarden i Valldal

Ordførar Terese Jemtegård Moen tek del.

Gapahuken i Øyna friluftsområde på Langsætrane i øvre Stordal

Styreleiar Eva Hove i Sunnmøre friluftsråd tek del.

Nasjonal markering

 “Hele Norge båler” er ei nasjonal markering. Sunnmøre friluftsråd og DNT Sunnmøre samarbeider om lokale markeringar.

Les meir om opninga av Friluftslivets år på Sunnmøre friluftsråd si nettside.

Vi pangstartar i pangstartar friluftslivets år på Sunnmøre med HELE NORGE BÅLER (PDF, 733 kB)