Open dag på Stordal brannstasjon

Det blir open dag på Stordal Brannstasjon søndag 14. september kl. 12 -15. 

Maskoten Bjørnis sit på ei disse på besøk i ein barnehage - Klikk for stort bileteMaskoten Bjørnis på på besøk i barnehagen Brannvesenet

Her kan du prøve å slokke brann i eit slokkekar, spyle med brannslange frå brannbilen og sjå på alt vi har på brannstasjonen. Vi kjem til å demonstrere utstyret vi brukar for å klippe i bilar og det blir ein demonstrasjon av smultbrann. Her blir aktivitetsløype med premiering og det blir mogleheit for å prøve røykdykkarutstyr i eit røykfylt rom. 

Så kjem sjølvaste Bjørnis på besøk klokka 12.30 med danseshow! Det blir også kiosksal med kaffi, kake, pølse og brus. 

Ta turen innom brannstasjonen.

Arrangør: Stordal Brannvernforening