Ope kontor – moglegheitsstudiar for Eidsdal og Stordal
Det er sett i gang utgreiing av kva moglegheiter som finst for vidare utvikling av sentruma i Eidsdal og Stordal. Kom innom ope kontor 31. august og 1. september for å få informasjon og gi dine innspel til arbeidet.
Målet med moglegheitsstudiane er å få fram gode idear og realistiske løysingar for korleis sentrumsområda kan bli meir levande, trivelege og funksjonelle i åra som kjem. På ope kontor treff du ordføraren, representantar frå kommuneadministrasjonen og arkitektkontoret Pir2 som arbeider med utgreiinga på oppdrag frå kommunen. Velkomen innom!
Folkemøte 1. september
Ordføraren inviterer til folkemøte med tema moglegheitsstudiar og levekårsplan.
• Informasjon om arbeidet med moglegheitsstudiar for Eidsdal og Stordal sentrum
• Levekårsplanen – informasjon og innspel. Høyringsfrist 15. september
Tid: Tysdag 1. september kl. 18-20
Stad: Røde Kors-huset i Eidsdal
Innbyggarar frå heile kommunen er velkomne!
Tilskot til utvikling
Fjord kommune har fått tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune til moglegheitsstudiar som skal bli til områdeplanar for Eidsdal og Stordal.
Synfaring og arbeidsverkstadar
Det vert arbeidsverkstadar og synfaring for involverte som har fått eigen invitasjon. Målet er å samle lokale innspel som kan brukast vidare i arbeidet og hjelpe kommunen og det innleigde arkitektkontoret med å forstå:
• kva som er særpreget og kvalitetane ved sentrum
• kva behov og ønskje som finst lokalt
• kva som kan vere gode grep for vidare utvikling
Moglegheitsstudiet er første steg i det som skal verte ein detaljert områdeplan for desse bygdesentruma. Det er ein del av eit tidleg arbeid der vi ønskjer å utforske kva som er mogleg og å få fram eit godt grunnlag for vidare planlegging.
Publisert 26.08.2026 14.26
Sist endra 26.08.2026 14.36