Nytt miljøfyrtårn

Vi gratulerer Valldal Bilsenter AS med gjennomført sertifisering som Miljøfyrtårn.

Valldal Bilsenter AS har blitt Miljøfyrtårn

Innandørs, tre personar, bilde, ordførarkjede - Klikk for stort bileteNytt Miljøfyrtårn i Fjord. På bildet ser vi Ove Indreeide, Terje Hoel og ordførar Terese Jemtegård Moen under utdeling av diplom til Valldal Bilsenter AS. Fjord kommune

Denne veka kunne Valldal Bilsenter AS ta imot eit rykande ferskt diplom- og Miljøfyrtårn-sertifikat.
Ordførar Terese J. Moen delte ut diplomet på vegner av Stiftelsen Miljøfyrtårn.

Det er dagleg leiar Terje Hoel i Valldal Bilsenter AS som har stått i spissen for sertifiseringsarbeidet. Han har fått god hjelp frå kollegaer og ein heilt nødvendig konsulent frå eksternt firma til arbeidet med sertifiseringa.

“Det var eit omfattande arbeid som gjekk over tid. Vi brukte nok om lag eit år. Bedrifta har fått betre oversikt og fått på plass skriftlege rutinar på alt som vart etterspurt i sertifiseringsarbeidet. Hos oss var det svært mange kriterium som skulle oppfyllast, frå branninstruksar til plan for avfallshandtering.”

Det er mange grunnar for å bli Miljøfyrtårn-sertifisert

Sertifiseringa kan brukast som godkjent dokumentasjon i offentlege anskaffingar og er eit gyldig bevis på miljøleiing i EU/EØS. Det er eit framtidig krav om sertifisering i forhold til mange av tenestene som Valldal Bilsenter AS leverer. 
Gyldig dokumentasjon er eit kvalitetsstempel, og gir eit nødvendig konkurransefortrinn.

Det å vere Miljøfyrtårn gir ein reell miljøeffekt, og det styrkar omdømet og merkevara.

Konkrete mål

Det er viktig å velje konkrete mål som er viktige for verksemda, og setje inn tiltak som kan gi reelle forbetringar. Verksemdene kan enkelt følgje med på utviklinga, sette i verk nye tiltak og sette seg nye mål.
Miljøfyrtårn set søkelys på fleire ulike utfordringar, og i sertifiseringsarbeidet blir det gitt konkrete råd og hjelp til å få på plass gode rutiner for HMS og arbeidsmiljø.

Sertifisering viser ansvar

Noko av det viktigaste med sertifiseringa er å vise leiarskap og vilje til å ta ansvar for framtida.
Klimaendringar og miljøutfordringar krev handling. Med Miljøfyrtårn-sertifisering startar verksemdene ei omstilling og bidreg til ei berekraftig framtid – for både verksemda og komande generasjonar.

Søk støtte til sertifiseringsarbeidet

Ordføraren opplyser om at det er mogleg å søke næringsfondsmidlar til sertifiseringsarbeid i bedriftene. Valldal Bilsenter AS svarar gjerne på spørsmål frå andre bedrifter som ønskjer å bli Miljøfyrtårn. Dei meiner at det er mykje lærdom å hente i arbeidet med sertifiseringa og oppfordrar andre til å gjere det same .

Ta kontakt

Om bedrifta di ønskjer å starte prosessen med å bli Miljøfyrtårn så kan de ta kontakt med Fjordhagen for å få råd om vegen vidare.

Bli Miljøfyrtårn - les meir om sertifiseringa

Hilde Dyrkorn
E-post
Telefon 95 25 62 01
Fjordhagen AS
Dagleg leiar Gro Marita Stennes Valdal
E-post
Mobil 96 90 09 04