Nysgjerrig på livet i Fjord?

Tirsdag 28. oktober frå klokka 16.30 til 19.00 er Fjord kommune blant deltakarane når jobbmessa BLI MED HIT! går av stabelen på Radisson Blu Royal Garden Hotel i Trondheim. Arrangementet samlar arbeidsgivarar frå heile Møre og Romsdal, og har som mål å vise fram karrieremoglegheiter, nettverk og livskvalitet i regionen.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Du finn Fjord kommune i Sunnmørsavdelinga på plass 44. Her vil du møte personalsjef Marius A. Moe og Lars Olav Muri som no bur i Trondheim, kjem frå Valldal og har god kjennskap til kultur-, fritid- og næringslivet i kommunen. 

Jobbmessa er ein flott arena for dei som er interessert i kva det gode livet på bygda kan gje deg både i form av arbeidsplassar, bustad og meir!

Sjå litt av det Fjord kommune har å by på.

Les meir på opplevfjord.no.