Nye krav til digital tryggleik i skulen
Regjeringa stiller nye krav til sikring av dei digitale einingane elevane bruker. Fjord kommune må vurdere sikringa på 1.–7. trinn før einingane kan takast med heim.
Kunnskapsministeren forventar at alle skular sikrar dei digitale einingane elevane brukar – både på skulen og når dei blir tekne med heim. Det inneber alderstilpassa innhaldsfiltrering og bruk av blokkeringlista til Kripos.
For dei yngste blir Whitelist tilrådd, som berre gir tilgang til godkjende nettstader. På ungdomssteget skal skulane bruke eit «ikkje‑tillate‑filter», som blokkerer skadeleg innhald.
Slik er løysinga i dag
Fjord kommune brukar Umbrella som filter på elevane sine einingar, og det:
- blokkerer skadeleg og uønskt innhald
- fungerer på alle nettverk
- er ein del av ein fast låst profil som hindrar uønska endringar
- let kommunen styre kva for sider og tenester som er tilgjengelege
I tillegg blir blokkeringlista til Kripos brukt.
Status i Fjord
1.–7. trinn: Krava om whitelist-filter er berre delvis oppfylt. Elevane kan difor ikkje ta med digitale einingar heim etter 1. februar. Kommunen gjennomfører no ei ROS‑analyse og vurderer nødvendige tiltak.
8.–10. trinn: Krava er oppfylte, og elevane kan ta med einingane heim som før.
Publisert 28.01.2026 08.00
Sist endra 28.01.2026 08.00