NRK TV-aksjonen 18. oktober
Årets innsamlingsaksjon vert arrangert søndag 18. oktober. Fjord kommune har bestemt at det i år vert lagt opp til digital innsamling og vi har oppretta ei eiga digital innsamlingsbøsse som du kan bruke.
Saman for menneske på flukt
I år er det NRC Flyktninghjelpen som er tildelt NRK TV-aksjonen og formålet for årets aksjon er: «Saman for menneske på flukt».
Med innsamla midlar frå TV-aksjonen vil NRC Flyktninghjelpen arbeide målretta for å gje over 400 000 menneske på flukt frå krig og konflikt moglegheita til å skape seg eit trygt heim og ei ny framtid.
Ved inngangen til 2026 er nærare 120 millioner menneske på flukt i verda på grunn av krig, vald og forfølging. Det er historisk høge tal. Kvart andre sekund blir eit nytt menneske tvinga til å forlate heimen sin.
Det er ikkje tilfeldig at nettopp NRC Flyktninghjelpen har aksjonen i år. Den aller første, moderne TV-aksjonen i 1974 (kalla «Flyktning '74») gjekk nemleg til det som då heitte «Det Norske Flyktningeråd». Årets aksjon markerer difor ei vidareføring av over 50 år med solidaritetsarbeid.
På grunn av at TV-aksjonen har endra innsamlingsrutine når det gjeld kontanthandtering har ikkje Fjord kommune lenger moglegheit til sende ut bøsseberarar. Vi har derfor bestemt at årets TV-aksjon vert ei digital innsamling.
Vi oppmodar alle til å gi eit bidrag til TV- aksjonen 2026!
Terese Jemtegård Moen, ordførar
Terese og Siv i TV-aksjonen 2026
Fjord kommune
Publisert 14.10.2026 08.30
Sist endra 14.10.2026 09.14