Nattarbeid i tunellar mellom Sjøholt og Linge

Fylkesveg 650 mellom Sjøholt og Valldal vert periodevis stengt på grunn av vegarbeid i tunnelar. Arbeidet startar onsdag 21. mai kl. 20 og er ferdig fredag morgon.  

Vask og fresing av vegdekke

Det skal utførast vask av Stordalstunnelen, og fresing av vegdekke i Overå- og Blikshammartunnelen på fylkesveg 650 mellom Sjøholt og Linge. Tunellane blir periodevis stengt med kolonnekøyring.  

Kolonnekøyring og ventetid

I Overå- og Blikshammartunellane må det påreknast ventetid inntil ein time i perioden arbeidet går føre seg. For Stordalstunnelen vil det bli køyrt kolonne noko oftare, som normalt ved vedlikehald. Ein tek sikte på å tilpasse kolonne til ferjeruter så langt det let seg gjere.  

Tidspunkt

Arbeidet startar onsdag 21. mai kl. 20.00 og er ferdig natt til fredag 23. mai kl. 06.00  

Trafikkmeldingar

Følg med på trafikkmeldingar frå Statens Vegvesen

«Vegvesen trafikk» er ein mobilapp frå Statens vegvesen. Appen skal gi deg som sjåfør enkel tilgang til informasjon langs vegen via telefonen.