Musikksprell

Fjord kulturskule startar opp igjen med undervisning i musikksprell for elevar i 1. - 3. klasse. Gjennom aktivitetar med musikk, rytme og bevegelse får borna synge, danse, utforske, leike og lære. 

Musikksprell

Dette er eit gruppetilbod for elevar i 1. - 3. klasse, der borna får synge, danse, utforske, leike og lære gjennom aktivitetar med musikk, rytme og bevegelse. Musikksprell fungerer også som ei førebuing til seinare instrumentopplæring for dei som ønskjer det. 

Oppstart snarast

Undervisninga vil starte opp så fort vi får fylt opp dei ulike gruppene, forhåpentlegvis frå veke 4. 
Vi tilbyr undervisning slik: 

Stordal – måndagar etter skuletid/i SFO-tida
Eidsdal – tysdagar etter skuletid/i SFO-tida
Valldal – onsdagar etter skuletid/i SFO-tida

Påmelding

Påmelding gjennom elektronisk søknadsskjema for kulturskulen.

Semesteravgifta for musikksprell er kr. 1200.
Vi fyller opp plassane fortløpande.

Spørsmål?

Ta kontakt med konstituert rektor for Fjord kulturskule, Thea Marie Ytterdal.

 

eit smilande barn med øyreklokker som spelar piano. - Klikk for stort bilete
Thea Marie Ytterdal
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 41 86 78 37