Ein vellukka tur til Mosætra
Veret i sommar har stort sett vore dårleg, og det har ikkje vore noko betre så langt i haust. Vermeldingane for helga såg heller ikkje lovande ut, men under sjølve arrangementet viste haustveret seg frå si beste side. Det var gode temperaturar, lite vind, ingen nedbør og til og med litt sol. Regnet bøtta nemleg ned både før og etter arrangementet.
Mange deltok
Heile 86 små og store tok turen opp til Mosætra denne laurdagen, og raskast av alle var Karl Oskar Farstad, som sprang opp på tida 17.56 i konkurranseklassa.
Eventyrvandring
Undervegs i løypa kunne deltakarane møte fleire små utdrag frå tradisjonelle eventyr, framførte av ungdommar frå Stordal. Her møtte ein mellom anna Askeladden og trollet som hogg ved i skogen, ein gris som bygde hus av kvist og ein ulv som kom luskande for å ta reven. Vi møtte òg Villsvinet Bruse på veg til seters, medan reven måtte hjelpe kjerringa med å få laus nasen frå trestammen.
I tillegg var det gratis frukt halvvegs til toppen, sponsa av Joker Stordal.
På toppen venta bålpanne, aktivitetar, publikum ved målområdet for konkurranseklassa og trekning av ei rekke premiar.
Resultatliste MOTbakkeløpet
Kvinner under 18 år
1. Helle Myklebust Vestre (23.52)
2. Andrea Farstad (37.10)
Herrar under 18 år
1. Håkon Gjedrem (19.50)
2. Henrik Gjedrem (25.09)
Herrar over 18 år
1. Karl Oskar Farstad (17.56)
2. Alexander Oudjik (18.50)
3. Øystein Årdal (19.47)
4. Espen Vad (20.09)
Kvinner over 18 år
1. Britt Elin Roald Farstad (21.01)
2. Anne Gry Myklebust Vestre (23.52)
Vi sjåast på Mosætra neste år!
Helsing frå arrangementskomiteen
Robin Aasen, Bjørg Jacobsen, Maria Dvergsdal, Pål Bjørn Øvrebust og Thomas Kirkebøe
Takk til sponsorane våre
Følgjande bedrifter og verksemder stilte med premiar til loddtrekninga: Joker Stordal, Stordal Auto, Rempro, Bonett, Coop Prix Stordal, Juvet Landskapshotell, Valldal Aktivitetspark, Mariastallen, Lupinen kafé/Muritunet, Uteguiden og Fortuna Ålesund.